Vi blir vanlegvis kontakta av kundar som ønskar å fjerne eit tre eller fleire trær. Det kan være ulike grunnar til at tre skal fjernast, det kan være sikkerhet, sol og lysforhold, utsikt, arealdisponering, utbyggingar m.m.
Utførelse
Kompleksiteten varierer veldig, ofte er det snakk om enkel trefelling, men det kan og være snakk om meir krevande seksjonsfelling eller presisjonsfelling. Forholdene ved trea er med og bestemmer korleis arbeidet må utførast. Følgande metodar og utstyr kan benyttast: kranbil, lift, klatring med nedfiring/ rigging .
Det er ikkje alle oppdrag som har krav til opprydding, der det er aktuelt med opprydding blir det tatt med tilbudet.
Pristilbud:
For å kunne gje eit pristilbud må vi kjenne til omfanget av arbeidet. Dette blir greiast utført med ei befaring som er verderlagsfri (der kan være unntak).